Hus til pus
Så fort den allergiske mannen var ute av bildet kom savnet etter ein katt raskt tilbake. Pusedronninga Nero nyter livets glade dagar i Myrkdalen, så å kidnappe ho tilbake til Bergen var ikkje eit spørsmål. Samtidig hadde eg absolutt ikkje lyst å måtte omplassere ein katt til fordi mine planar blir forandra. What to do?
Jo, eg meldte meg frivillig som fosterheim. Tre dagar etter at mailen til Hus til Pus var sendt fekk eg ein telefon i frå ei koseleg dame. Det hadde plutseleg oppstått ei lita krise i ein av fosterheimane deira og katten Kåre måtte omplasserast snarast.
Fredag i forrige veke rusla eg nokre gater bort og henta denne store, flotte hannkatten. Han vart funnen på ein av matstasjonane til orginisasjonen i utkanten av Bergen i januar, full i diverse infeksjonar, ukastrert og utmagra. Han er 2-3 år gammal og sannsynlegvis blitt forlatt når dei gamle eigarane flytta…
Kvifor gjer folk slikt mot ein liten pus? Dei samme folka ville heilt sikkert ikkje satt i frå seg den vesle puddelen sin ute og reist. Mange tenkjer kanskje at katten klarar seg alltid. Men det gjer dei faktisk ikkje…
No er Kåre frisk som ein fisk og lengtar etter å komme ut for å fange fuglar og jakte på mus. Så lenge han veit at han får komme inn til ein varm og tørr plass å sove, og ikkje minst eit fullt matfat. Han maler og kosar seg det meste av dagen, elskar å ligge langstrakt oppå dyna mi om natta og følgjer interessert med på livet utanfor på favorittplassen i vindaugskarmen.
Snart skal eg skrive ei annonse om han til Hus til Pus si nettside, og kryssar fingrane for at han kjem til ein flott heim der han kan gå ut og inn som han ønskjer <3
Februar

Livet vårt er en konstant reise, fra vi er født til vi dør. Landskapet skifter, menneskene skifter, behovene skifter, men toget går videre.
Livet er toget, ikke jernbanestasjonen.
Årsplanleggeren “Øyeblikk” er fylt med nydelige bilder og fine sitat av Paulo Coelho. Rett og slett ein fryd å bla opp i.
Where to next??
Notatbøker er kjekt å ha på litt for rolige søndagar!

Sammen med globusen har eg no laga ei liste over dei ti neste reisemåla.
- Senegal & Gambia
- Niger
- Oman
- Mongolia
- Malaysia
- Påskeøya
- Chicago, USA
- Antigua & Barbuda
- Azorene
- Spania

Med unntak av Niger takkar eg ikkje nei til nokon av plassane! Så var det berre tida og økonomien det står på då…

Eg må visst seriøst skaffe meg eit meir spennande liv…
“Jeg tror på glede”
Det nærmar seg visst Valentine’s Day. Det verka i alle fall slik då eg var innom Platekompaniet tidlegare i kveld… Eg kjøpte ein boks med tre romantiske komediar. Alle britiske frå 2005/06. Enkel moro på slappe laurdagskveldar som i kveld, tenkte eg.
At ein film som denne skulle dukke opp hadde eg ikkje håpa på! Britisk humor på sitt beste frå regissøren av “Notting Hill”. Likevel så veldig forskjellig frå nettopp den typen filmar.
Nydelig film om vennskap, kjærleik, det å bli gammal, kunst og ikkje minst å glede kvarandre!
“Tror du ikke på noe, Maurice?”
Pause…
“Jeg tror på glede.” Pause…
“Jeg har prøvd å glede mange i mitt liv. Du burde prøve det.”
Å sjå framover
With White Wings…
Englar er beskyttarar frå himmelen, med kvite vinger som viser til reinheit og symboliserar himmelsk guddomelegheit.
Til jul fekk min eigen englevinge. Eg vart forelska der og då… Har meir eller mindre flytta inn i det.
Thomas Sabo lagar så vanvittig mange fine smykker og klokker. Sukk… Vil ønske meg berre det til alle bursdagar og juler framover! I alle fall nesten.
“We love fashion. We are fascinated by it. We are inspired by it. Every day of our lives. For us, it is a way of playing with our personality as fashion is not static – just like our personality”
<3 Thomas Sabo
Litt nytt
Ein liten tur på Åhlens etter jobb inspirerte til å endeleg gjere noko med soverommet mitt. Det har blitt litt nedprioritert i forhold til andre deler av leiligheita, men no – no byrjar det å komma seg!
Blant anna har eg fått ein hjort til å passe på nokre av smykka mine, mens ein elefant passar andre. Dei fine bileta eg fekk til jul hjå mine søte nieser har også fått sine plassar. Og det nye klesstativet kan kanskje (!) forhindre at eg slenger kleda utover heile golvet…
Det einaste som manglar no er litt fleire hyller på veggane, og kanskje ein lampe i taket…
Tolv komma tre millionar
Januar går mot slutten og først i går fant eg ut at denne månaden skal auke vår bevisstheit om menneskehandel. Bedre seint enn aldri…
Menneskehandel, Human Trafficking på engelsk, er moderne slaveri. Menn, kvinner og barn vert seld som billig arbeidskraft eller for salg av seksuelle tenester, til ein verdi av over 32 milliardar US dollar på verdsbasis. Det skjer i Burma, i Ghana, i USA og her heime hjå oss. På innad og på tvers av landegrenser. Alle land i verda er berørt, på tross av økonomi og politisk struktur.
12,3 millionar menneske kjenner dette på kroppen kvar dag. Enten det er barn, kvinner eller menn så må dei utføre handlingar og arbeid dei sjølv ikkje har valgt. Det er det verdt å bruke nokon minuttar på for å lese, tenkje og skrive om…
La oss jobbe mot at slaveriet skal ta slutt ein gong for alle!
Eit anna Afrika
Når eg tenkjer tilbake på historietimane på skulen kan eg ikkje hugse noko særleg om afrikansk historie. Det vart såklar fortalt om slaveriet. Og om kolonialiseringa europearane utførte. Pyramidane og den gamle egyptiske historia blei me også tidleg kjend med. Men las me nokon gong om eit Afrika uten europeisk påverkning, utanom Egypt? Ikkje som eg kan hugse…
Og kva er det me reiser til Afrika for å oppleve? Jo, det er safari, flott natur, fargerike marknader og spennande folk! Er det historisk arv me er ute etter tar me heller turen til Asia, Sør-Amerika eller Europa.
Eg oppfordrar alle til å sjå på BBC sin flotte serie “Lost Kingdoms of Africa”. Den tek føre seg fire store kongedøme som tilbakela seg stor kunnskap og kunst, på tvers av det svære kontinenten. Nrk har også sendt serien, og du kan sjå den her:
Sjå eit anna Afrika enn mediene sitt sult- og krigramma Afrika.
Fint.
Å være lei seg for å ha blitt avvist er som å kjøre bil og havne i kø. Det nytter ikke å sitte og bli stresset og forbanna, for det gjør ikke at du kommer fortere frem. Det nytter ikke å sitte i en hjertesorg for en som har dyttet deg fra seg, for det gjør ikke at han tar deg tilbake. Det beste er å stige ut av bilen, smelle igjen døra og gå forbi køen. DA kommer du fortere frem.
Heile teksten kan du lese her: Supermarie.net







![38244_10150225362320618_548885617_13321407_5943973_n[1]](http://gjeremine.files.wordpress.com/2012/01/38244_10150225362320618_548885617_13321407_5943973_n1.jpg?w=600)

















